I veke 44 kvart år er det avisveke kring om på skulane. Den veka mottek vi haugevis med aviser. I staden for å kaste desse med ein gong etter ein har løyst dei daglege avisoppgåvene, så sender vi dei i miljøvenleg gjenbruksloop, og foredlar dei om til formingsprodukt.

Avisene har sjøvsagt årelange tradisjonar med å bli måleunderlag for å bevare benkar og bord, men ved fleire høve vert også avisene trylla om til flotte julegåver. I år sikra vi inn avisene til eit samarbeidsprosjekt i første trinn og SFO. Resultatet vart dei flottaste rive-juletre til å henge på veggen, samt at borna både hadde godt arbeid med å klippe ut sine bokstavar til namnet sitt og fekk gratis klippetrening på kjøpet. Nesten som tre gleder i eit Kinderegg...

Også maisboksar vert trylla om til argaste julepynt i vår base.

I år gjekk vi for reinsdyr-Rudolfar i stor flokk. Tidsbruk på desse oppgåvene var kring to timar på kvar aktivitet, inkludert opprigg og nedrigg. Vi hadde då 20 glade born i sving, samt 2 vaksne med kvart sitt sett blekksprutarmar...

 

 

 

Til desse aktivitetane treng du:

Avis-juletreet

  • Ei avis, gjerne lokalavisa. (I vårt tilfelle Nyss og Sunnmørsposten)
  • Grøn pappkartong i A4-størrelse til å lime treet på
  • Litt raud kartong til å lime namn på
  • Utstansa snøkrystall som stjerne
  • Grillpinne til trestamme
  • Kvitt passepartout
  • Limpistol
  • Limstift
  • Saks

Reinsdyr-Rudolf

  • Saks
  • Skulelim
  • Limpistol
  • Målepensel
  • Ei tom maisboks
  • Litt hampetau til sløyfe
  • Eitt sett "levande auger"
  • Ein raud ponpong til nase
  • Brun måling til å måla boksa med
  • Litt brun kartong til kropp og tagger på horna
  • Litt dacron eller bomull til å fylle ned i maisboksa som snø
  • Ein stk. julestokk til kvart reinsdyr (vi kjøpte pakkar på 20 på Europris)

Då er det berre å lime saman delane slik du får trylla fram eit avistre og ein Rudolf i særklasse!

God jul i fjøs og skjul!

Gjenbruksjula, del 2 les her

Pynt til juletreet

Å lage juletrepynt er veldig hyggelig. Hvis du har selvtørkende leire er dette tingen.

Les mer >>

Julekort og pakkelapper

Hvorfor kjøpe julekort og pakkelapper når du kan lage de selv?

Les mer >>

Pepperkakebyer i SFO

Å lage pepperkakebyer har blitt tradisjon ved mange SFO'er i disse førjulstider. Søre Øyane SFO har laget en by som frister...

Les mer >>

Maisbokser uten mais, og colakaker uten cola

Tomme maisbokser er ikkje egna berre til å kaste ball på under julemarknaden eller under sankthansfeiringa. Dei kan nemleg tryllast om til å bli dei flottaste boksar med nostalgisk preg.

Les mer >>

Møt Melkior Kork

Snøven dalar lett og fin, glitrande mjølkekvit, klappa og klar til å bygge snømenn- og kvinner i fleng. Til og med snøbarn, snøhundar og snøkattar har tendens til å poppe opp.

Les mer >>

Stjerner av ispinner

Det trengs ikke så mye utstyr for å lage disse flotte, dekorative stjernene. Det kan f.eks bli en flott vindusdekorasjon.

Les mer >>

O'jul med din glede..

Jul er det heldigvis en stund til enda, men forberedelsene har allerede startet. Det er mye vi har lyst til å gjøre, vi må bare finne ut hva vi skal velge. Denne utfordringen er enkel – send inn dine juleideer og jeg legger dem ut her på SFOnett.

Les mer >>

Kleklypemusa

Argare kryp skal du leite lenge etter... Herved opphøyet som nyttedyr, spesielt i denne søte juletid. Som ein retteleg praktikar å rekne...

Les mer >>

Legenden om de fire lysene!

Forrige juleavslutning fremførte våre barn dette diktet. Det var ikke et tørt øye i lokalet. Jeg vil gjerne dele det med resten av SFO-landet, for jeg vet hvor vanskelig det kan være å komme på nye ideer til avslutningene.

Les mer >>