Det florerer av jubileumsmarkeringar av kreative folk i år. Storhendingane kjem som perler på ei snor, og vi såkalla alminnelege får rett og slett berre servert lukka regelrett på sølvfat. I denne saka skal vi konsentrere oss om filmressigøren Ivo Caprino som var fødd 17. februar 1920, og som er mannen bak "levandegjeringa" av ein haug dukker i si eventyrlege verd gjennom tidene.

Denne markeringa landa rett og slett perfekt på første dag av vinterferien vår ved Hundeidvik Privatskule, men i SFO-basen heldt vi ope må vite. Klart vi gjorde, og gjett om vi fekk nytta høve til feiring i rikt monn. 

I forkant av veka sende vi ut spørsmål til foreldra om dei hadde slyngande nokre makkerlause strømper etter siste klesvasken,- og om dei eventuelt var villege til å ofre dei slik dei kunne få bli vidareforedla til hand-dukker. Responsen av leveranse vart enorm, og vi var altså dermed i gang med prosjektet.

Vi leita i tillegg fram masse gamle knappar, restetråd, "levande auger", synåler og limpistolar,-  så køyrde vi på.

Dukkemakeri

Flokken laga dermed kvar sine unike "fri-for-tåfis-hand-dukker", raska vidare saman nokre laken og stæsj til scene og rekvisittar, - og ga raskt gass med å lage eige manus til dokketeater.

Gjennom prosessen tok vi mange bileter og videoar  med iPad, og tilslutt laga vi både trailer og film i appen imovie.

Ein heilt herleg aktivitet som vi brukte mykje av veka på.

Som oppvarming og inspirasjon såg vi på Flåklypa Grand Prix på sjølvaste bursdagen til Caprino.

I følge piggsvinet Ludvik var dette faktisk "itte fali" aktivitet i det heile tatt... Berre kjekt!!!

 

For å lage slike unike strømpe-Liser og strømpe-Larser treng du altså:

  • Strømper i alle moglege størrelsar.
  • Assostert utval av gamle knappar og evt "levande auger".
  • Restetråd
  • Synål
  • Limpistol

Sy og dander akkurat slik du vil, i fri SuperFantastiskOptimistisk Caprinostil!

 

 

Gratis golfbane

Tenk en helt egen - og ikke minst gratis golfbane på SFO! Ja det er fullstendig mulig, bare se på denne idéen.

Les mer >>

Donald tegner på SFO

Forslag til en spennende og litt annerledes aktivitet. Levre SFO inviterte landets eneste autoriserte Donald tegner på besøk.

Les mer >>

Tivoli

Hva med å prøve en ny vri på skoleavslutningen, i regi av SFO? Tivoli på skolen må jo være alle barns store drøm.

Les mer >>

Gjenbruksjula, del 1

I veke 44 kvart år er det avisveke kring om på skulane. Den veka mottek vi haugevis med aviser. I staden for å kaste desse med ein gong etter ein har løyst dei daglege avisoppgåvene, så sender vi dei i miljøvenleg gjenbruksloop, og foredlar dei om til formingsprodukt.

Les mer >>

Gamle gode gåveboksar

Desse nostalgiske oppbevaringsboksane for julepynt er det super-Sølvi frå Hundeidvik private SFO som har utarbeida! Kjempeflotte,- ikkje sant?

Les mer >>

Lillespøk og storespøk – det er ingen spøk!

Kva skjer når lokalavisa og Halloween møtast på SFO? I Hundeidvik SFO har Janne og gjengen funne svaret og det handlar både om kreativitet, gjenbruk og mykje latter!

Les mer >>

Jungelboka

Hva kan man gjøre med 26 aper, 35 barn, ni fugler,, 18 fjerdeklassinger, en SFO leder med pågangsmot og tid til overs og et positivt personale?

Les mer >>

Vennskapsgrupper, Pop-up rom og «Spillmester Wenche»

Tidligere denne måneden hadde jeg gleden av å besøke Elvetangen SFO i Nittedal kommune. Det var lett å se at SFO-leder Marianne Størseth Lien og de flotte ansatte på SFO ikke bare omfavner, men også implementerer rammeplanen med en imponerende grad av kreativitet og engasjement.

Les mer >>

Rockekonsert for SFO

Tenk dere 400 SFO-barn på rockekonsert. I Stavanger fikset de en litt annerledes aktivitet for SFO-barna, til stor jubel.

Les mer >>